0

Your cart

  • Norsk Nynorsk
  • English
Toggle menu
Christian Gaard Bygdetun

Våre vilkår

GENERELLE VILKÅR

PRISER OG BETALING

Vi tek atterhald om å kunne endre prisar på grunn av auka kostnader for varer, tenester, skattar og avgifter eller andre kostnader som er utanfor vår kontroll.

SKADER

Gjestane er økonomisk ansvarlege for eventuelle skadar på rom, inventar, innredning eller anna utstyr.

FORCE MAJEURE

Dersom det skulle oppstå omstendigheiter som er utanfor vår kontroll – som streik, brann, ekstremvèr og andre hendelsar som gjer at oppholdet eller aktiviteten din ikkje blir utført, tek vi atterhald om å kunne avbryte opphaldet eller aktiviteten utan å vere ansvarleg for kompensasjon. Generelt anser vi dårlig vèr som normalt og gjev ikkje kunden rett til å kansellere eller endre bestillinga.

FORSIKRING

Vi anbefaler alle våre gjestar å teikne ei avbestillingsforsikring hjå eit forsikringsselskap for å dekke seg sjølv for avbestilling. I tillegg anbefalast det at alle gjestar har gyldig reiseforsikring. Det er ein føresetnad for å bestille at du har ei reise- og medisinsk forsikring som dekker deg sjølv og eventuelle pårørande/reisefølgje under heile reisa/opphaldet.

ENDRINGAR I VILKÅR

Vi tek atterhald om å kunne gjere endringar i våre vilkår for særskilte bestillingar – den som bestiller vil bli orientert om dette.

SELSKAP/ARRANGEMENT

Dette gjeld ikkje bordbestillingar i restauranten, men selskap og arrangement som blir arrangert i eit av våre festlokaler
AVBESTILLING
  • Avbestilling av bekrefta selskap/arrangement må gjerast minimum 3 månader før. 
  • Dersom selskapet/arrangementet blir kansellert mindre enn 2-3 månader før, vil vi fakturere for opptil 50% av pristilbodet på mat og lokale. 
  • Dersom selskapet/arrangementet blir kansellert mindre enn 1 månad før, vil vi fakturere for opptil 100% av pristilbodet på mat og lokale. 
ENDRINGAR
  • Endringar i antal gjestar til måltid må sendast skriftleg så tidleg som mogleg.
  • Om endringar i antal gjestar til måltid ikkje meldt inn seinast 2 dagar før vil antalet ved bestilling nyttast som grunnlag for betaling.
 

OVERNATTING

Avbestilling av bekrefta overnatting må gjerast minst 7 dager før ankomst. Dersom overnattingen blir kansellert mindre enn 7 dagar før ankomst, vil overnattinga bli belasta i si heilhet.

Gjestar som har reservert overnatting med delte fasilitetar som bad/toalett/fellesområde skal sjå til at fasilitetane er i den stand ein sjølv ynskjer å finne det etter bruk.

På alle overnattingstilbod utanom hytta “Mimrebu” skal det vere nattero frå klokka 23.00 til klokka 08.00. Speling av musikk eller høglytte samtalar (jfr. fest) er ikkje tillatt mellom desse tidene. 

 

BÅTTURAR

  • SIKKERHEIT

Gjestane må alltid fylgje instruksjonane frå båtførar/mannskap; Båtførar har autoritet på båten som han/hun fører. Båtførar har myndigheit til å nekte nokon deltakelse på turen dersom nokon blir oppfatta som ein sikkerheitsrisiko – dette kan være relatert til helse, fysisk tilstand, er overstadig berusa eller dersom nokon handlar på ein måte som er til sjenanse for andre gjestar.

Sikkerheita til våre gjestar og mannskap er vår hovudprioritet. Vi tek atterhald om å kunne endre eller avbryte båtturar på grunn av uforutsette problem med farty, utstyr eller mannskap – samt dårleg vèr. Dersom vèrforholdene tilseier at den opprinnelege  ruta ikkje er trygg, tek vi atterhald om å kunne avbryte turen etter råd fra våre båtførerar. Alternativt kan båtførar endre på ruta for å sikre at gjestane får ei hyggeleg og trygg oppleving. Endringar i ruta der vèrforhold er årsak gjev ikkje grunnlag for refusjon eller prisreduksjon.

VILKÅR FOR AVBESTILLINGAR
  • Båtturer kan avbestillast utan kostnad 14 dager før avreise.
  • Dersom turen avlysast mindre enn 14 dagar men før 7 dagar før avreise, vil 50% av totalbeløpet for turen kunne belastast.
  • Dersom turen avlysast mindre enn 7 dagar før avreise, vil 100% av totalbeløpet for turen kunne belastast. 

Alle bestillingar, endringar og avbestillingar må sendast inn skriftleg. 

FORSEINKINGAR 

Dersom ikkje passasjerane møter til avtalt tid kan dette føre til en kortere båttur eller at deler eller heile båtturen må avlysast. Båtturen vil då måtte betalast i si heilheit og ingen refusjon vil bli gjeve.

PERSONLEGE GJENSTANDAR

Bruk av og medbragt personleg utstyr/gjenstandar på båtturar, som kamera,  mobiltelefonar, vesker, smykker, briller etc. er på gjestane sin eigen risiko.