Christian Gaard Bygdetun er meir enn berre ein stad – det er ein opplevelse. Denne avsidesliggande plassen har vakse frå ein beskjeden familiegard til ein destinasjon kjend for si fantastiske utsikt, rustikke sjarm og varme atmosfære. Det som byrja som ein liten gard med nokre geiter, høner og kyr, har utvikla seg til ein møtestad for lokale, reisende og eventyrlystne.
Berre det å kome seg til Christian Gaard er eit lite eventyr i seg sjølv; Sidan Trandal ikkje har nokon vegforbindelse til omverda, må besøkande ankome med båt, ferge eller til fots over fjellet– ei reise som berre forsterkar den eksklusive og magiske atmosfæra.
For dei som ynskjer å kome seg vekk frå kvardagen og oppleve noko utanom det vanlege er Christian Gaard Bygdetun den perfekte staden. Anten du kjem for musikken, maten, historia eller den fantastiske utsikta- lovar vi deg ein varm velkomst og ein opplevelse du seint vil gløyme.
Smaken av haust
Kvar torsdag i oktober inviterer vi til ein stemningsfull kveld hos oss på Christian Gaard. Nyt ein smakfull meny inspirert av fjord og fjell, laga med lokale råvarer – i storslåtte omgjevnader ved Hjørundfjorden.
God mat, gode historier og ei utsikt du seint vil gløyme.
Vi held framleis ope på kveldstid ved tinging av større selskap. Reservasjon kan gjerast på epost.
Skulle det brått bli nokre vineværsdagar, så er det godt mogleg vi tøyer desse opningstidene. Vi held dykk oppdatterte via sosiale media, men er du usikker så kontakt oss gjerne.
Christian Gaard Bygdetun vart grunnlagt av Frank og Toril Storeide i 1999 mot alle odds og offentlege reguleringar.
I dag er det sonen Daniel som har tatt over garden og driv tunet saman med sin sambuar, Ivonne, systrene Lenita og Linda, samt broren Øystein og nabodrengen Jørn.