Du håpte kanskje å få opp matkartet våra her- men dette endrar seg i takt med vestlandsværet. Vi let naturen rundt oss vere vår viktigaste råvarekjelde. Difor vil restaurantens freistingar variere med årstidene. Matkartet vårt endrar seg i takt med det fjell, fjord og bærbusker har å by på. Utanom høgsesongen- semptember til mai, vil menyen være meir begrensa. Hjorteburger av hjortekjøt skoten i fjellsidene ovanfor Christian Gaard, vil vere på menyen så langt langeret rekk.
Planlegg du ei feiring, konferanse eller eit anna selskap hos oss, skreddarsyr vi ei meny basert på dine ønskjer og sesongens råvarer. Tapas inspirert av fjord og fjell er ein favoritt blant mange. Eit anna populært alternativ er buffèt med både raud og kvit bacalao, servert med vårt heimelaga olivenbrød. Send oss gjerne ein forespørsel, så set vi saman eit opplegg som passar for dykk.
Lokala våre
Vinterhagen
30 gjestar
Løda
40 gjestar
Vikinghuset
80 gjestar
Plattingen
100 gjestar
Vi legg vekt på å skape gode opplevingar, uansett storleik på arrangementet. Vi hjelper deg gjerne med å finne det lokalet som passar best til dine ønskje – enten du ser for deg ein intim middag med utsikt over fjorden, eller ei livleg feiring med musikk og dans. Send oss gjerne ein førespurnad, så finn vi saman den løysinga som gir arrangementet ditt den rette ramma – midt mellom fjord, fjell og god stemning.