Skyssbåt
Vi fraktar deg trygt og raskt, dit du vil, når du vil- i heile Møre og Romsdal. Med solide båtar og erfarne førarar tek vi på oss både transport, opplevingar og spesialoppdrag på sjøen.
Vi held til midt i Hjørundfjorden og kjenner farvatna rundt oss som vår eiga bukselomme. Med lokalkunnskap, tryggleik og fleksibilitet som våre viktigaste kjerneverdiar, sørgjer vi for at ditt oppdrag blir gjennomført på best mogleg vis.





Vi tilbyr
Skreddarsydde fjordturar
Opplev majestetiske Hjørundfjorden, Geirangerfjorden og dei mange idylliske fjordarmane i området frå dekk på ein komfortabel båt.
Persontransport skyss
Vi hentar og fraktar enkeltpersonar og grupper til og frå kaier, hytter, hotell og arrangement, både i fjordane og langs kysten.
Charter og bedriftsoppdrag
Vi legg til rette for firmaturar, team-building og representasjonsturar på sjøen, med moglegheit for servering og opplegg etter ønske.
Vare- og godstransport
Har du behov for å få frakta utstyr, varer eller materiale sjøvegen? Vi tilbyr trygg og effektiv transport med fleksible løysingar.
Bryllaup, feiringar og spesielle anledningar
Gjer den store dagen ekstra spesiell med båttransport til unike stader i fjordriket.
Fototurar og filming
Vi bistår produksjonsselskap, fotografar og media med båtturar for filming og fotografering frå sjøen.
Oppdrag for kommune og næringsliv
Vi tek på oss ulike typer oppdrag, som inspeksjonsturar, transport i samband med vedlikehald, eller anna behov der båt er det beste alternativet.
Våre båtar
SYLVKALLEN
45
Øl, vin & mineralvann
Medbrakt ikkje tillatt
Kaffi og te. Catering om ynskjelig
Egner seg for rullestol.
Gi beskjed på forhånd
Toalett
Stasjonert på Trandal, Hjørundfjorden
NORDIC LADY
44
Øl, vin & mineralvann
Medbrakt ikkje tillatt
Kaffi og te. Catering om ynskjelig
Lydanlegg med høgtalerar inne og
ute + mikrofon
Toalett
Stasjonert i Langevåg, Sula
RAVN
12
Øl, vin & mineralvann
Medbrakt ikkje tillatt
Kaffi og te. Catering om ynskjelig
Lydanlegg med høgtalerar inne og
ute + mikrofon
Toalett
Stasjonert på Trandal, Hjørundfjorden
BALTASAR
12
Øl, vin & mineralvann
Medbrakt ikkje tillatt
Kaffi og te. Catering om ynskjelig
Lydanlegg med høgtalerar inne og
ute + mikrofon
Toalett
Stasjonert på Trandal, Hjørundfjorden
