0

Your cart

  • Norsk Nynorsk
  • English
Toggle menu
Christian Gaard Bygdetun

Skyssbåt

Vi fraktar deg trygt og raskt dit du vil, når du vil
- i heile Møre og Romsdal.

Skyss til og frå Ålesund, Geiranger, Finnøya, Runde, Skotholmen, Storfjord hotell er nokre døme på oppdrag vi tek på oss.

Vi har fleire hurtigåande skyssbåtar med ulik passasjerkapasitet og kan difor tilby båtskyss til særs konkurransedyktige prisar. Båtane er stasjonerte på Trandal i Hjørundfjorden og i Langevågen.

Båtane er veldig godt eigna til reine transportoppdrag og til minnerike sightseeing 

Kommunal skyssbåtteneste

Christian Gaard Bygdetun har frå juni 2017 fått i oppdrag av Ørsta kommune å drive kommunal skyssbåtteneste for dei fastbuande på bygdene i Hjørundfjorden. 

I anbodet ligg også føringar for takstar og vilkår for frakt av tilreisande privatpersonar i Hjørundfjorden.