Christian Gaard Bygdetun

Kommunal skyssbåtteneste

Christian Gaard Bygdetund har frå Juni 2017 fått i oppdrag frå Ørsta kommune å drive kommunal skyssbåtteneste for dei fastbuande på bygdene i Hjørundfjorden, men òg eit tilbod til tilreisande privatpersonar.

Skyssbåten går ikkje til faste rutetider, men kan tingast per telefon eller epost. Skyssbåten skal i utgangspunktet tingast 24 timar på førehand, men kan tingast på kort varsel, då utan skyssgaranti/eventuelt ventetid.

Skyssbåten går til bygdelaga i Hjørundfjorden (Sæbø, Standal, Trandal, Leknes, Øye , Urke, Viddal, Bjørke), men kan dessutan tingast av turfolk eller andre til andre punkt i fjorden dersom på/avstigning kan utførast på ein sikker måte.

Prisar på dei mest vanlege turane finn du i tabellen til høgre. Pris for turar som ikkje er lista opp der vil bli taksert utifrå tilsvarande distanse og antal personar.

Takstar

Prisane gjeld ein veg og består av ein fast båtpris + antal passasjerar.

Med forbehald om feil

    0
    Handlevogn | Cart
    Handlekorga er tom | Your cart is empty