0

Your cart

  • Norsk Nynorsk
  • English
Toggle menu
Christian Gaard Bygdetun

Korleis kome deg til og frå

Trandal er ei lita, trygg og triveleg bygd – midt i hjartet av Hjørundfjorden og sunnmørsalpane. Vi har fleire kilometer med bilveg, men skal du kome deg hit må du ta føtene fatt, kaste trossene, leige skyssbåt eller kome med ferja som går opptil fleire gongar for dag.

Sjølv vi som bur her fast kan bryne oss på rutetabellen til ferja. Og vi forstår veldig godt kor kjekt det kan vere å bli henta framme i dalen, særleg etter ein long tur over fjella frå t.d. Hundeidvika, når føtene verkar og tanken på eit godt måltid og ei kald øl blir for sterke.

Difor har vi samla litt informasjon som kanskje kan hjelpe deg i planlegginga av eit besøk til oss.

Båtskyss eller eigen båt

Kjem du med eigen båt eller er ute etter skyssbåt for å kome deg til og frå Trandal?

Sjekk ut gjestehamna og skyssbåten for meir informasjon

Ferjeruter
Sist oppdatert:
01.06.2023
Bil - Traktor - ATV

Kjem du frå eller skal du på fjelltur og synest den 5 km lange setrevegen blir ein for drøy start/slutt på turen, så ta kontakt med oss og vi vil gjere vårt beste for skysse deg denne strekninga. Både deg og utstyret ditt skal vi klare å få med oss, då vi har både bil, traktor med tilhenger og ein ATV med tilhenger.