
Eventyrjobb – Fast, sesong og tilkalling
Ein eventyrleg sumar midt i sunnmørsalpane ?
Vi søkjer nye kollegaer!
Er du utadvent, energisk, lærenem og arbeidsam? Då vil vi gjerne ha deg med på laget!
Vi er eit lite og triveleg gardstun med restaurant, overnatting, konsertarena og selskapslokale, og treng flinke folk til å vere med oss i kvardagen. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere servering, rydding, reinhald og matlaging i perioden frå 1. april til 1. november.
I tillegg har vi behov for 1–2 personar i fast 100% stilling som er oppfinnsame, fleksible og som kan bidra til drifta også gjennom vinteren.
Vi søkjer etter:
- Sesongarbeidarar
- Tilsetjing i faste stillingar
- Tilkallingsvikarar
Arbeidsområda vil vere innan:
- Reinhald og klargjering av hytter/rom for overnatting.
- Matlaging (à la carte i restauranten og fleirrettars menyar i selskapslokale)
- Servering og bar
Det er ein fordel om du har erfaring frå servering eller kjøken, og det er ynskjeleg at du kan kommunisere på norsk/svensk eller engelsk.
Høyrest dette ut som noko for deg?
Ta kontakt med oss – vi ser fram til å høyre frå deg!
