På gardstunet finn du tre sjarmerande overnattingsmoglegheiter. Dersom det er behov for fleire rom, har vi samarbeid med Trandal Fjordhytter som tilbyr ekstra overnattingskapasitet. Dette kan bookast direkte via deira nettside.
Vi anbefaler å reservere bord i restauranten samtidig som du bestiller rom – spesielt i høgsesongen for å sikre deg plass. Booking av bord kan gjerast her.
Overnatting på Gamlehuset
På gamlehuset finn du tre sjarmerande rom, med overnattingsmuligheter for to personer pr rom. Ysteloftet har dobbelseng. Tausakvisten og Kvisten har to enkeltsenger per rom. Delt toalett / dusj mellom dei tre romma, i samme etasje av huset. Begrensa tilgjengeligheit fra juni til slutten av august.
Overnatting på Mimrebu
Mimrebu er ei koselig hytte med stove og kjøkkenkrok, bad med dusjkabinett og toalett. Hytta har 2 soverom og 1 hems-med trapp opp frå stova. Totalt 6 sengeplassar. Tilgjengelig heile året.
Overnatting på Svensktoppen
Svensktoppen er kjelleretasjen på eit hus øvst på garden – omlag 10 minutt gange frå tunet. Her finn du to enkeltrom, et dobbeltrom og to trippeltrom. Det er to toalett tilgjengelig i etasjen. Tilgjengelig heile året.