Frå geit til øl...
Christian Gaard Bygdetun på Trandal starta som eit lite gardsbruk med geiter, høner og nokre kviger – men utvikla seg etter kvart til å bli ein heilt spesiell samlingsplass midt mellom fjord og fjell i vakre Hjørundfjorden. I hjartet av dette stod Frank – ein kreativ og visjonær kar med ein evne til å sjå moglegheiter der andre såg avgrensingar.
Då Frank byrja å byggje ut eigedomen sin, møtte han raskt motstand frå byråkratiet. Kommunen meinte byggverka braut med byggelova, men Frank hadde eit enkelt, men genialt svar: Dette var ikkje byggverk – det var kunstverk. Og kunstverk er verna av åndsverkslova. Dermed var grunnlaget lagt for eit særs unikt og kreativt tun, skapt utanfor dei vanlege rammene.
Det heile starta smått – det gamle tunhuset vart pub med plass til eit tjuetals gjestar. Men etter kvart som ryktet om den særprega staden spreidde seg, voks også behovet for meir plass. Med hjelp frå gode vener vart det bygd eit påbygg. Og så eit til. Og så ein stor terrasse. Og så ein til. Steg for steg voks Christian Gaard til å bli det den er i dag – ein møteplass for musikk, kultur, god mat og ekte bygdehygge.
I 2007 fekk tunet eit stort løft då Tussa Kraft skulle opne det nye kraftverket på Trandal. Dei inviterte til fest – og sjølvaste Baarelaget spelte opp til dans frå ei nybygd scene. Dette vart starten på Trandalblues, ein bluesfestival som sidan har trekt musikkglade frå heile landet til den vesle bygda utan vegsamband. Festivalen har etter kvart vorte eit av dei mest særprega musikkarrangementa på Sunnmøre.


Frå familiearv til framtidsretta drift
Etter at Frank og Toril Storeide gjekk bort i høvesvis 2010 og 2015, tok neste generasjon over stafettpinnen. I dag er det søskena Daniel og Lenita som eig og driv Christian Gaard Bygdetun.
Daniel er dagleg leiar og båtførar, medan Lenita har hovudansvaret for restauranten. Saman med søskena Linda og Øystein, Daniels sambuar Ivonne og nabodrengen Jørn held dei liv i visjonen til foreldra, og har vidareutvikla staden til ei heilskapleg reiselivsoppleving. Med fleire skyssbåtar i drift tilbyr dei både transport og opplevingar i Hjørundfjorden og heile Møre og Romsdal.
I dag har Christian Gaard Bygdetun seks heilårstilsette og driv med servering, overnatting, festivalar og båtskyss. Med ein årleg omsetnad på over 16 millionar kroner, har dei etablert seg som eit viktig knutepunkt for turisme og kultur i regionen. Festivalane Trandalblues, Trandalrock og Trandal Countryfestival trekkjer tusenvis av gjestar kvart år, og den spektakulære reia over fjorden har vorte eit ikon på sosiale medium.
Gjennom målretta satsing og samarbeid med andre aktørar i Hjørundfjorden, held Christian Gaard fram med å vere ein levande møteplass der historie, natur og kultur smeltar saman – til ære for arva etter Frank og Toril, og med blikket retta mot framtida.


LES ANDRE SINE MEININGAR OM OSS