Vi på Christian Gaard søkjer etter ein servicemedarbeidar / kjøkenassistent frå 1. april til 1. oktober – med moglegheit for forlenga arbeidsavtale.
Stillinga er i hovudsak på fulltid, men dersom du ynskjer å arbeide deltid eller berre delar av sesongen så håper vi at du veljer å søkje likevel. Vi er fleksible og kan tilpasse oss.
Arbeidsdagen vil i hovudsak vere matlaging og servering, men òg vere vertskap for våre gjestar. Smil og godt humør i ein hektisk arbeidsdag er eit krav.
Vi nyttar oss mest av lokale, kortreiste råvarer og menyen varierer med sesongen. Vi har òg større selskap/konferansar etc, buffét/koldtbord/tapas er vanleg då.
Du må vere fleksibel, lærevillig, serviceinnstillt og evne å sjå kva arbeidsoppgåver som må gjerast utan å få beskjed om det.
Du treng ikkje vere utdanna kokk, men du må like å lage mat og være lærevilleg.
Det er ynskjeleg at du har erfaring frå reiseliv/hotell/restaurant, pratar eit skandinavisk språk og gjerne engelsk.
Med gode ferje og skyssbåttilbod er det ikkje noko problem å pendle til Trandal frå omliggande kommuner. Vi legg opp dagane utifrå desse tilboda.
Vi på Christian gaard håper å høyre frå deg