Ei skjult pærle i Hjørundfjorden

Christian Gaard Bygdetun er meir enn berre ein stad – det er ein opplevelse. Denne avsidesliggande plassen har vakse frå ein beskjeden familiegard til ein destinasjon kjend for si fantastiske utsikt, rustikke sjarm og varme atmosfære. Det som byrja som ein liten gard med nokre geiter, høner og kyr, har utvikla seg til ein møtestad for lokale, reisende og eventyrlystne.

Berre det å kome seg til Christian Gaard er eit lite eventyr i seg sjølv; Sidan Trandal ikkje har nokon vegforbindelse til omverda, må besøkande ankome med båt, ferge eller til fots over fjellet– ei reise som berre forsterkar den eksklusive og magiske atmosfæra. 

For dei som ynskjer å kome seg vekk frå kvardagen og oppleve noko utanom det vanlege er Christian Gaard Bygdetun den perfekte staden. Anten du kjem for musikken, maten, historia eller den fantastiske utsikta- lovar vi deg ein varm velkomst og ein opplevelse du seint vil gløyme.

Komande hendingar

Untitled

Opningstidene våre

‹›

Tunet

DagOpnarBarmenyStengjer
Måndag 01.02Stengt
Tysdag 02.02Stengt
Onsdag 03.02Stengt
Torsdag 04.02Stengt
Fredag 05.02Stengt
Laurdag 06.02Stengt
Søndag 07.02Stengt

Restauranten

DagOpnarStengjer
Måndag 01.02Stengt
Tysdag 02.02Stengt
Onsdag 03.02Stengt
Torsdag 04.02Stengt
Fredag 05.02Stengt
Laurdag 06.02Stengt
Søndag 07.02Stengt

For booking av større selskap og hendelsar er vi meir fleksible på opningstidene, send oss gjerne ein forespørsel.

Tunet & Baren

Restauranten

Vi held framleis ope på kveldstid ved tinging av større selskap. Reservasjon kan gjerast på epost. Skulle det brått bli nokre vineværsdagar, så er det godt mogleg vi tøyer desse opningstidene. Vi held dykk oppdatterte via sosiale media, men er du usikker så kontakt oss gjerne.

Eit måltid med utsikt & stillheit

Råvarer frå hav og land, henta frå nærområdet. Nyt eit måltid med utsikt over glitrande fjordar og majestetiske fjell.

Opplev fjordane

Opplev fjorden på nært hald med trygge og lokalkjende båtførarar. Ei minnerik reise mellom bratte fjell, stille viker og levande historier.

Ein stad med levande historie

Christian Gaard Bygdetun vart grunnlagt av Frank og Toril Storeide i 1999 mot alle odds og offentlege reguleringar. 

I dag er det sonen Daniel som har tatt over garden og driv tunet saman med sin sambuar, Ivonne, systrene Lenita og Linda, samt broren Øystein og nabodrengen Jørn.

Korleis finne vegen til oss?

Christian Gaard Bygdetun AS

Rynningen 102
6183 Trandal