Velkomen til Christian Gaard Bygdetun

Ei skjult perle

Gøymd mellom dei spektakulære fjella i Hjørundfjorden, er Christian Gaard Bygdetun meir enn berre ein stad – det er ein opplevelse.
Denne avsidesliggande, men livlege møteplassen har vakse frå ein beskjeden familiegard til ein legendarisk destinasjon kjend for si fantastiske utsikt, rustikke sjarm og varme atmosfære.

Ein stad med historie

Historia til Christian Gaard er tufta på ein djup kjærleik for kreativitet, gjestfriheit og den vakre naturen. Det som byrja som ein liten gard med nokre geiter, høner og kyr, har utvikla seg til ein varm og innbydende møtestad for lokale, reisende og eventyrlystne.

Ein stad for musikkfestivalar og tilstelningar

Det som starta som et lite musikkarrangement i høve opninga av Trandal kraftverk  har vakse til ein årleg festival som tiltrekker seg bluesentusiaster frå hele landet. Med førsteklasses band som spelar mot den dramatiske bakgrunnen av fjord og fjell, har Trandalblues blitt ei oppleving for musikkelskerar. I tillegg til bluesfestivalen arrangeres det òg andre festivalar og  private tilstelningar, noko som gjer staden til ein allsidig og unik destinasjon.

Ein naturopplevelse utanom set vanlege

Berre det å kome seg til Christian Gaard er eit eventyr i seg sjølv. Sidan Trandal ikke har nokon vegforbindelse til omverda, må besøkande ankome med båt, ferge eller til fots over fjellet– ei reise som berre forsterkar den eksklusive og magiske atmosfæra. Når du først har kome deg dit, blir du møtt av ei koseleg og livlig atmosfære. 

Ein destinasjon verdt eit besøk

For dei som ynskjer å kome seg vekk frå kvardagen og oppleve noko utanom det vanlege er Christian Gaard Bygdetun den perfekte staden. Anten du kjem for musikken, maten, historia eller den fantastiske utsikta, lovar vi deg ein varm velkomst og ein opplevelse du seint vil gløyme.

Opningstider

Ope på bestilling!

Vi er no utanom høgsesongen og vil difor ikkje ha generelle opningstider.
Men om du ynskjer å vitje oss for mat og drikke så kan du ringe eller sende oss ein forespørsel på epost

Tunet & Baren

Mandag - Torsdag10:00 — 22:00
Fredag - Lørdag10:00 — 23:00
Søndag10:00 — 22:00

Restauranten

Mandag - Fredag10:00 — 16:00
Lørdag - Søndag12:00 — 16:00
26 sep - 29 sepLukket

Tunet & Baren

  • 17. April – Skjærtorsdag : 12:00-01:00 – DJ Rune i løda : Kjøp billett!
  • 18. April – Langfredag : 12:00-23:00 
  • 19. April – Påskeaften : 12:00-23:00 
  • 20. April – 1. Påskedag : 12:00-23:00
  • 21. April – 2. Påskedag : 12:00-23:00 

Restauranten

  • 17. April – Skjærtorsdag : 12:00-17:00
  • 18. April – Langfredag : 12:00-21:00
  • 19. April – Påskeaften : 12:00-21:00 
  • 20. April – 1. Påskedag : 12:00-21:00
  • 21. April – 2. Påskedag : 12:00-21:00
Om du kjem innom i opningstidene ovanfor så får du alltid mat og drikke (Hjorteburger m/amadine potet)
Om du ynskjer 3-retters/selskapsmeny eller å kome utanom desse tidene så ta kontakt 🙂

Kva skjer framover på tunet

Untitled

Vår historie

Christian Gaard Bygdetun vart grunnlagt av Frank og Toril Storeide i 1999 mot alle odds og offentlege reguleringar. 

I dag er det sonen Daniel som har tatt over garden og driv tunet saman med sambuar, systrene Lenita og Linda, samt broren Øystein og nabodrengen Jørn

Christian Gaard Bygdetun AS

Rynningen 102

6183 Trandal

 

(+47) 907 20 172

Orgnr. 995384833MVA