RESTAURANTEN
Restaurantens freistingar er avhengig av når tid på året du vitjar oss. Matkartet vårt endrar seg difor etter sesong, og kva fjell, fjord og bærbusker har å by på.
Utanom høgsesongen- semptember til mai, vil menyen være meir begrensa. Hjorteburger av hjortekjøt skoten i fjellsidene ovanfor Christian Gaard, vil vere på menyen så langt langeret rekk.
Rettar av villaks, fiska frå eiga kilenot vil kunne dukke opp på menyen om fisket er godt. Brunost-is vil mest sannsynleg være tilgjengelig på matkartet vårt året rondt.





SELSKAP & ARRANGEMENT
Om du ynskjer å booke feiring, konferanse eller anna arrangement hjå oss, set vi saman eit matkart etter dine ynskjer.
Tapas med varme og kalde rettar frå våre fjordar og fjellsider er eit populært val. Ein annan gjengangar er buffèt med både raud og kvit bacalao. Attåt får du sjølvsagt heimelaga olivenbrød.


