Vi kan tilby overnatting for inntil 18 personar i enkle, men sjarmerande rom.
Transport
Vi fraktar dykk med båt rett frå frukostbordet til ynskja turmål for dagen.
Etter endt nedkøyring plukkar vi dykk opp og fraktar dykk tilbake til ein ventande 3-rettars middag
Måltid
Vårt kjøken kan tilby 3-retters middag med lokale råvarer.
Ein populær hovudrett er heimelaga hjorteburger av hjort skoten i fjellsidene over tunet. Til dessert kan vi for eksempel freiste med heimelaga is laga av brunost
Guiding
Dersom dykk ynskjer guiding for å sikre ein trygg og optimal turopplevelse, så har vi eit samarbeid med lokale guidar i Hjørdunfjord Mountainguide.