Vi har kjøpt skyssbåten «Nordic Lady» av Finnøy Havstuer/Classic Norway.
Dette vil styrke skyssbåttilbodet til og frå Hjørundfjorden og det vil gje oss moglegheit til å tilby turar til og frå destinasjonar som til dømes Ålesund, Skotholmen, Geiranger, Molde, Bud, Runde og Finnøy.
Båten er ein Scirocco 50, bygd av GS Marine i Gursken, Den kan frakte inntil 44 passasjerar.
Den er bygd i 2000, oppgradert i 2019 med nye motorar og renovert innredning. Marsjfarta er på 30 knop og ei toppfart på heile 38 knop.
