Koronasertifikat & Hurtigtesting

På arrangement vil vi krevje koronasertifikat. Har du ikkje gyldig koronasertifikat vil du måtte ta ein hurtigtest før du slepp inn på konsertområdet.

 INGEN SLEPP INN UTAN Å VISE SERTIFIKAT ELLER LA SEG HURTIGTESTE

 

Koronasertifikat:

  •  Sjekk om du har fått grønt koronasertifikat på helsenorge.no (1 vaksinestikk er nok om det har gått 3 veker)
 
  • Hugs å ta med deg BankID for å kome deg inn på helsenorge.no og kunne vise fram sertifikatet ditt i inngongen.
 
  • Dersom du tek eit skjermbilete/screenshot av QR-koda så hugs å ha legetimasjon klart ved kontroll. PASS PÅ Å FÅ MED HEILE QR-KODA – Det beste er å logge seg inn på helsenorge.no og vise fram QR-koda der når du blir kontrollert!
 
  • IKKJE skriv ut QR-koda på papir – Det har vist seg at det er særs vanskeleg å skanne utskrifter.
 

Hurtigtesting

  • Teststasjonen er rett nedom inngongen på Christian Gaard
 
  • Det vil ta omlag 15-25 minutt til resultatet er klart på helsenorge.no
 
  • HUGS Å TA MED BANKID så du får tak i koronasertifikatet etter testing.