0

Your cart

  • Norsk Nynorsk
  • English
Toggle menu
Christian Gaard Bygdetun

Mat & Drikke

Restauranten

For deg som vil kome i restaurantens opningstider vil menyen variere med det fjorden, fjella og bærbuskene våre har å by på. Menyen blir satt opp same dag og vi kan difor ikkje informere om kva som vil vere på menyen fram i tid. 

Heimelaga burger av hjortekjøt, skoten i fjellsidene ovanfor Christian Gaard, vil vere på menyen så lenge lageret rekk. Rettar av villaks, fiska frå eiga kilenot, vil kunne dukke opp på menyen om fisket er godt.

Utanom høgsesongen, frå september til mai, vil tilbodet vere noko mindre.

Selskap på bestilling

Om du ynskjer å ha selskap, konferanse og liknande hjå oss så setter vi saman ein meny etter dine ynskjer.

Tapas med varme og kalde rettar frå våre fjordar og fjellsider er eit populært val. Ein annan gjengangar er buffèt med både raud og kvit bacalao. Attåt får du sjølvsagt heimelaga olivenbrød.