Christian  Gaard  Bygdetun
Tiltak for å begrense spredning av koronavirus

Vi opnar no dørene for gjestar etter å ha vore stengd sidan myndigheitene innførte restriksjonane. Blåturar, konferanser og andre store arrangement har blitt avbestilt og TrandalRock, Trandalblues og Trandal Countryfestival er diverre utsett til neste år.

Retningslinene til myndigheitene opnar for at vi kan ta i mot inntil 50 gjestar – og sidan det ikkje er noko kjekt å kome heile vegen til Trandal og møte eit fullt lokale, så ber vi om at du ringer Daniel og reserverer bord og førehandsbestillar mat. 

Telefonnr til Daniel : 991 06 659

 

Vi ber om at du følger smittevernråda til FHI – så held vi oss alle friske 🙂

  • Har du luftvegsinfeksjon?  Hald deg heime!

  • Hald avstand til andre i lokala

  • God hostegygiene – nytt papir eller albuekrok

  • Berør minst mogleg av inventar og utstyr

  • Håndhygiene når du kjem, når du går og så ofte som mogleg innimellom 😉