Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Trandal Blues Experience 2020

4. september - kl. 18:00 - 5. september - kl. 23:30

Nokre gongar er det greit. Sjølv om pandemien ikkje er over vert det likevel blues på Trandal, også i år. Og denne gongen er det Daniel, Ivonne, Linda, Lenita og Jørn på Christian Gaard som inviterer. Og Bratt og Blått stiller med mannskap og utstyr!
I det merkelege året 2020 kan vi dermed invitere til blues, sjølv om Trandalblues måtte avlyse. Men det liknar! Det vert ei forrykande helg, levande musikk og plass til dei som kjem.
Slik som dei første åra, der alt var lov og musikken kom frå hjartet i fjorden. I 2020 bankar dette hjartet framleis, for blues, fjord og den fantastiske staden på Trandal. Christian Gaard inviterer dermed til ei helg med levande bluesmusikk frå dei beste folka i distriktet. Dette skjer frå den beste plassen, den beste scena og saman med det beste vertskapet Hjørundfjorden har å by på.
På grunn av det vi alle veit om, vert det kun dei som kjøper billett på førehand som kan kome. Det er berre å gå inn på Tikkio.com, så ordnar det seg.
Musikken er garantert! Totto Nilsen kjem frå Haugesund, Frank Utgård hentar fram bluesriffa igjen og Knut Eilefsen kjem frå Bjørkedalen. Elles vert både Kjell Rune, Kyrre, Arne og Roberth med, sannsynelegvis med Lause Jakker. GasPilot med Ståle Dimmen, Bertil Tødenes og Martin Foldal skal garantert få det til å svinge. Og som ikkje det er nok, kjem sjølvaste Listen to the Band med eit repertoire som det kjem til å ryke blått av!
Og alt dette begge dagane!
Vi gler oss, og vi trur nok at mange gler seg med oss! Så vart det blues på Trandal i år likevel!

Detaljar:

Start:
4. september - kl. 18:00
Slutt:
5. september - kl. 23:30
Nettstad:
tikkio.com/tickets/18755-trandal-blues-experience-2020

Arrangør

Christian Gaard Bygdetun
Nettstad:
https://christian-gaard.no